Avl og oppdrett

Fôring - Kjøp - Handtering - Avl og oppdrett - Buret


Å avle på kaniner kan verke morosamt og flott, men det er ikkje like lett som det verkar. Kaninane som du har kjøpt ifrå oss kan du trygt avle vidare på, men varsle oppdrettar når du får kull. Det er tre fasar i det å avle. Eg skal skrive litt om kvar enkelt fase her.

Fase 1

Fase 1 handlar ganske enkelt om det du gjer før du avlar. I Noreg er det plenty av oppdrettarar, så det er ikkje alltid like lett å avle og ”utkonkurrere” andre meir erfarne oppdrettarar. Det er svært viktig at du har ein grunn til å avle. Ganske enkelt fordi alle kull skal ha eit mål. Du må prøve å gje kanin-Noreg noko dei ikkje har frå før. Før du set kull på ei ho, må du allereie høyre rundt deg etter eventuelle eigarar. Det er ikkje alltid lett å selje kaninar. Så skaff deg helst fire eventuelle eigarar til ungane før du setter kull på ho.

Aldri sett kull på Dyrebutikkdyr som du ikkje veit noko om. I Noreg i dag har vi eit flott kaninmiljø, med svært få genetiske sjukdommar, og slik vil vi fortsette å ha det. Så ikkje avl på dyr du ikkje har stamtavle på og/eller kjenner oppdrettar til! Kaninar kan bære skjulte gen, altså dei er friske, men kan bære eit skummelt gen. Difor er det umulig å vete om ei kanin er 100% frisk utan å kjenne til slekta. Ein anna grunn til at det er best å avle på dyr frå seriøste oppdrettarar er fordi då er det lettare å få solgt ungane dine. Du kan plutselig ende opp med 8 unger du ikkje har eigar til, og må då til med avliving.

Du bør melde deg inn i Noregs Kaninavlsforbund (NKF). Det er også veldig lurt å skaffe seg eit gårdsnamn. Vil du ha gårdsnamn må du vere medlem i Noregs Kaninhoppforbund (NKHF) og søke dei om gårdsnamn. Floke er vårt gårdsnamn. Difor heiter alle kaninane ifrå Floke Kaninstall Floke’s. Eit gårdsnamn kan hjelpe deg på mange måtar, fordi alt høyrest mykje proffare ut med gårdsnamn.

Så må du tenke på foreldra. Er dei flotte? Legger folk merke til dei? Har dei god slekt? Er dei stilt? Er dei hoppa med? Alt sånt kan gjere stor forskjell. Det gjer ein viss status å ha gode hoppekaninar, eller ein kanin med 95 på utstilling. Pass på at foreldra til ungane er så gode som overhovud mulig. Det kan vere lurt å låne ein hann til hoa di for eksempel. Den vanligaste paringsavgifta er 200 ved fødte ungar, noko du lett tener inn igjen når du sel ungane i kullet.

Lag klart stamtavle og kjøperavtale allereie før du setter kull på kaninen din. Ha alle papir klare. Det er viktig med kjøperavtale, då er du sikra at ungane dine kjem til folk som behandlar dei godt nok.

Fase 2

Den andre fasen handlar om paring, drektigheit og fødsel. Når du parar to kaninar, hugs å alltid sette hoa inn til hannen. Eller så kan hoa gå til angrip på hannen og kastrere han fordi ho føler at han trenger seg inn på hennar territorium. Dette er svært viktig. Før paring, følg med på hoa og sjekk at ho er brunstig. Ikkje brunstige hoer kan kastrere hannen om han prøver seg. Ver i nærleiken heile den første tida. Straks hannen har gjort jobben sin, så tar du han ut. Dette ser du ved at han lagar lydar og dett ned på sida. Då har det førekomme ein vellukka paring.

Ei kanin går drektig mellom 29-35 dagar, men det vanligaste er 32 dagar. Det er det ein vanligvis går utifrå. Pass på at hoa får nok mat, men ikkje gje meir kraftfôr enn du gjorde tidlegare. Det er ikkje veldig energikrevande å gå drektig, og fostra vekser ikkje mykje før etter siste drektigheitsveke. Du kan godt gi meir grønt og grønsakar til hoa når ho er drektig, så får ho meir vitamin av det, og sørg for å gi høy til heile dagen.

Du kan kjenne etter på magen om kaninen er gravid, men du trenger ein god del erfaring før du kan vite med sikkerheit. Eit godt teikn er at mora ikkje likar at du tar på magen og hoppar vekk. Du kan også kjenne etter om du kjenner noko under magen på henne. Det er fullt mulig å kjenne ungane straks ho har hatt dei ei stund, og det går også an å finne ut kor mange ungar det er også.

Rett før fødsel så må hoa ha fred. Ikkje løft meir enn nødvendig på henne under drektigheita. Fôr som vanlig til faste tider, og la ho gjere det meste sjølv. Hoer føder omtrent alltid om natta når ingen andre er der. Førstegangsmødre kan vere veldig uforsiktige, og det er ikkje uvanlig at ungane døyr, at ho ikkje klarar å bygge reir og liknande.

Etter fødsel så må du finne ut kor mange ungar der er. Du kan eventuelt ta ut hoa og sjekke sjølv, eller berre hoppe inn mens ho er der. Om du føler at du stressar ho, kan du godt ta henne bort frå ungane ei stund. Tel og skriv ned anntall ungar, fargar og storleikar. Sjekk at alle ligger i redet og rydd opp det som kan ha komme utafor redet. Det kan vere at enkelte ungar døyr dei første dagane etter fødsel. Enten så rydder mora opp, eller så tar du dei ut av redet. Dette er heilt normalt, og er naturens måte å sørge for at dei sterkaste overlever. Sjekk til ungane kvar dag, og pass på at dei største ungane ikkje ligger øvst, flytt derfor dei minste på toppen slik at dei får mest mat. Det er den beste måten å få eit jamt kull på.

Rett etter fødsel må du passe på at mora har rikelig høy, reint vatn, får pellets og godt grønt, frukt eller gras. Auk også pelletsmengda til det dobbelte eller litt meir, men gjer det gradvis! Gi litt og litt meir for kvar dag.

Får du kull om sommaren, så er det viktig at ungane blir tilvenna gras frå byrjinga av. Dei får næring og vitaminar frå gras gjennom morsmjølka, men etter to til to og ei halv veke begynner ungane å smake på det som ligger i redet. Legg da inn litt halvtørka gras som dei kan smake på. Når dei blir eldre legger du inn litt fersk gras. Men dette i små mengder!

Det er positivt for hoa å ha ei hylle eller eit tak ho kan sitte på for å komme seg unna ungane. Når dei får auge og begynner å gå sjølv, kan dei bli veldig innpåslitne, og då er det godt for ei sliten mor å komme seg vekk. Du kan eventuelt la ho gå i eit utebur for seg sjølv ein time kvar dag.

Når ungane er tre veker eter dei kraftfôr sjølv. Då må du passe på mengden kraftfôr, ikkje gi for lite, men for all del, aldri gi for masse! Gi hoas normal rasjon + normal rasjon x antall ungar. Det vanlige er 0.25 dl pellets per kilogram. Altså ei kanin på 2 kg skal ha ca. 0.5 dl kraftfôr, og får denne hoa fire ungar, så skal ho ha 0.5 + 0.5 x 4, altså 2.5 dl med kraftfôr.

Fase 3

Ungane blir eldre, og det er på tide med Fase 3. Fase tre omhandlar enkelt og greitt om dei siste vekene før sal til sal. Er det utstillingskaninar du avlar, så kan du godt lære dei å ligge på rygg, smått presantere seg på dommarbordet og liknande. Pass på at dei er tamme, og at alle er gode og runde. Ikkje sel ungar som er undernæra til førstegangseigarar. Eg pleier å ha dei mindre ungane litt lenger enn dei andre, for at dei skal legge på seg så mykje som mulig før eg sel dei. Det er viktig at du kun sel friske og fine ungar.

Du bør ta opp att kontakta med dei eventuelle eigarane du hadde i Fase 1 og høyre om dei framleis er interessert. Eit tips frå meg er å ikkje selje ungar som er yngre enn 7 veker. Det beste er å vente til dei er litt over sju veker, og helst kanskje åtte veker meiner eg. Sju er i allefall det yngste du kan selje dei. Det er viktig å hugse. No er også tidspunktet for å finne ut om du vil behalde ein eller to for vidare avl. Vel dei som har best øyrer, farge, kropp og lynne. Om du ikkje har kjøparar til alle, så er det på tide å finne det. Annonser på kanin/dyre forum, dyrebutikkar, eventuelt heimeside eller avis. Ver positiv og glad når du skal selje ungar. Smil mykje og nøl ikkje med å invitere på besøk eller arrangere møte. Bidra også med litt transport, du kan eventuelt ta litt meir betaling for dette. Ikkje ta meir pengar for kaninen enn det den standarden seier. Bestem pris ved å sjå på lynne, kropp, farge, ører og liknande. Ha kontakt med eigarane i tida før du sel ungane, utstyr dei gjerne med siste nytt, nye bilete og slikt. Ver entusiastisk og sosial, så er det lettare å få seld.

Pass på kven du sel til. Du vil garantert få eit spesielt forhold til alle ungane i kullet, og det er fælt å høyre at dei ikkje har det så bra. Hold kontakta og forsikre deg om at kaninen får ein god heim og eit verdig liv. Ver positiv til utstilling av ungane og hopping. Hjelp dei med å gi råd om kaninhald og andre ting dei måtte ønske.