Avl og oppdrett

Fôring - Kjøp - Handtering - Avl og oppdrett - Buret


Det er veldig forskjellig korleis kaninhaldarar vel å plassere dyra sine. Idag blir det mindre uvanlig å ha frittgåande kaniner innandørs, noko som mange syns er positivt. Skal ein ha kanin innandørs bør den helst vere kastrert/sterilisert da dette ofte gjer kaninen mindre hormonell, meir harmonisk og mykje reinsligare.

Til dei som har kanin utandørs eller i bod, har eg skrive litt om kva kanina sitt bur bør innehalde. Håpar du kan få noko utav det som står her! :)

Vi finn bur i alle storleikar og variantar, vi har til dømes utandørs bur og innandørs bur, vi har enkelt bur, dobbeltbur og seksjonar med mange etasjar. Nokre kaninar står i buret natt og dag, andre er i buret om natta og er ute om dagen. Kva slags bur du har, er ikkje så viktig, men det finns nokre krav som må vere tilfredsstilt. Buret skal vere stort nok, vere trekkfritt og du bør unngå direkte sollys. Det skal vere reint, hygienisk og ha frisk luft. Minstemålet på bur til dvergkaninar er 0,5m3. Husk, jo større bur jo betre! Buret kan aldri bli for stort. Har du eit lite bur bør du helst la kaninen gå i innhegningar/utebur eller lufte den daglig. Kaninen er skapt for aktivitet, og det er direkte dyreplageri med små bur. Når du bygger bur bør du også tenke over at det bør vere enkelt å gjere reint og det må ha ei stor dør slik at du kan få kanina fort ut av buret. Du bør også tenke over at kanina alltid skal ha tilgang til høy i buret, og kor du evt. skal legge dette.

Utandørs bur

Bur som vi har utandørs må ha 3 tette veggar. Buret må også vere løfta frå bakken, eller ha ei kasse som er oppe frå bakken. Det må også ha tak, men likevel få rikelig med lys. Det beste er å ha ei kasse kor kaninen kan få ly, men ei kanin tåler kulde veldig bra så lenge den ikkje utsettast for mykje trekk og fuktigheit. Det viktigaste er at buret om sommaren ikkje er under konstant sollys, noko kaninar tåler veldig dårleg.

Innandørs bur

Det største problemet med bur inne er dårlig luftsirkulasjon, som kan føre til sjukdommar. Men det har fordelar, som at ein slepp å bekymre seg over vêr og vind. Det er viktig at det er god plass mellom bura, og at bura er satt ein tørr og fin plass. Har du bur ved sidan av kvarandre med kun netting i mellom må du tenke på at to hannar kan skade kvarandre veldig gjennom nettingen.

Gode tips

Utnytt plassen så bra som mulig. Sittehyller er ein fin måte å utnytte plassen, og kaniner trivs godt på små hyller over bakken der dei får litt ekstra oversikt. Ikkje kjøp bur med plastikklokk, dette fordi plastikken held ammoniakkgassane inne i buret og blir fort varme. Alle bur bør ha ein høyhekk eller ei kasse der ein kan oppbevare høyet slik at dette ikkje blir dratt rundt omkring i buret. Respekter kaninens bur sitt, det er kaninen sin heim og du er gjest.

Materialer

Alle materialar kan brukast, frå tre, metall og hardplast. Det vanligaste alternativet er tre. Hugs at ved å bruke dei beste materiala får ein bur som held lengre. Det er ein god idé å måle bura, då vert dei finare og held ofte lenge.

Bruk av nettingbunn

Nettingbunn har fleire positive sider, blant anna at det er lett å gjere reint og at det er luftig i buret. Men det har fleire negative sider også, blant anna at det kan gi labbesår, kaninene får ikkje slipt klør, kaniner har eit naturlig graveinstinkt og at bakterier ofte sitt lenge igjen på nettingbunnen. Det er ikkje anbefalt å bruke nettingbunn, og i fleire land er det faktisk forbudt.Særlig tunge kaniner kan få problem med labbesår på netting.

Kombinert nettinbunn og fast bunn kan vere ganske greit, så lenge det ser ut som om kanina ikkje er plaga av nettinga. Netting på bakken kan også gå, men då må ein flytte bura regelmessig, visst ikkje kan det bli uhygienisk.

Hygiene

God hygiene er kjempeviktig. Bura skal gjerast reint minst ein gong i veka, uansett storleik på buret (for å unngå store mengder ammoniakkgassar). Golvet i buret bør luftast eit par gongar i året. Kaninen bør ha underlag som enten spon eller halm, og dette må skiftast ut etter behov. Det er viktig at kaninens eteplass er rein.