... består av Egil og Sara, døtrerne Kristina og Marta, og sonen Eirik.
Egil blei født 18 juni 1959, og blir då 50 år i år. Dette skal feirast med storfest på låven i sommar, og dei som vil bidra med dugnad og opprydding før festen må melde frå tidlegast. Egil jobbar på SFE.
Sara Terese kom til verden 13 oktober 1961, og budde på bruket til ho blei elleve år. I 1997 drog ho oss tilbake igjen til Flokenes, og lokka mann med båt og ungane med kanin og høns. Sara er lektor på Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Kristina blei 11 år den dagen World Trade Center fallt i New York, 2 mnd etter ein tur i "Tvillingtårna". No er ho 18, har stjelt gamlebilen og driv aktivt med hest. Ho går påbygg på Hafstad vgs. I tillegg til hest er webdesign og fotografering den store hobbyen.
Marta blir sytten 25 september, og brukar sine mange kreative evner på Mo og Jølster, avd Vassenden på linja "Design og Handverk". Der kosar ho seg, og kjem ofte heim med flotte teikningar, skulpturar og gode karakterar.
Eirik er yngstemann, og fylte nylig 14 år (28 mars) med LAN for gutevennane sine heile natta. Då er det klart at PC er den store interessa, og rett bak kjem X-box og "å henge med venna". Han er ein stødig kar som ein kan regne med når søstrene reiser frå dyra sine :)
Til venstre på menyen er eit bilete av kvart familiemedlem.