Kaninstell

Fôring - Kjøp - Handtering - Avl og oppdrett - Buret


Her kan du lese om fôring av kanin. Ei komplett matliste finnast her på denne linken

Vatn

Vatn skal, som høy, vere tilgjengelig døgnet rundt. Ein vaksen kanin kan drikke oppimot 0,5l vatn i døgnet, og ei drektig hoe om sommaren kan drikke oppimot 2l. La kaninen sjølv bestemme over vassinntaket, men pass på at den får i seg vatn. Vatnet må også vere reint til ein kvar tid. Skift ut vatn og vask skål/flaske minstein gong i døgnet! Har du vassflaskar er det anbefalt å vaske dei gjevnleg for å førebyggje algar og liknande i dei. Brukar du vasskoppar må du passe på at dei ikkje vert skitne.

Grovfôret

Høy

Høy er det viktigaste i kosthaldet til ei kanin. Kanina skal alltid ha fri tilgang på godt høy i store mengder. Det er frå høyet kanina får mesteparten av dei nødvendige næringsstoffa, og det er frå høyet kanina får fiber som er svært viktig for magefunksjonen til ei kanin. At høyet er av god kvalitet er svært viktig, muggent/dårlig høy kan i verste tilfeller vere dødsfarlig eller gi alvorlige fordøyiingsproblemar. Du må difor vere kritisk til høyet, og lukte/kjenne på det du gir kaninane. Godt høy skal ha ei søt lukt, vere tørt og ha ein grønlig farge. Høy finns i mange forskjellige variantar og er laga av fleire grastypar (bør ha mist 50% timotei). Det grove høyet er det beste, nærmare forklaring på dette lengre nede. Om sommaren kan noko av høyet bli bytta ut med grove og sunne plantevekstar. Ver obs på at tennene til kaninene veks heile livet, dermed MÅ dei ha fôr som krev mykje tygging slik at tennene slipast naturleg mot kvarandre!

Trivselsfôr - Grønsakar/frukt

Kaninen setter stor pris på ein godbit ein gong i blant. Om vinteren, når det er lite anna godt ute å ete, kan du gjerne gi grønsakar og frukt. Det meste av grønnsakar og frukt kan benyttast. Frukt og grønt må du gi i mindre mengder pga høgt sukkerinnhald. Kva som er giftig står i linken øvst på denne sida ;)

Om sommaren er det mykje i naturen som kaninen er glad i! Kvist av selje og rogn, løvetann, friskt gras og liknande er populært. Lar du kaninen gå i beitebur finn dei ofte det dei vil ha sjølve, står dei inne er det eigentlig berre å ta seg ein tur ut og hauste inn. Blåbærlyng og bringebær greiner er godt for mage og tarmar.

Det som er viktig når det gjeld fôring av anna grovfôr i tillegg høy er tilvenning! Kanina har eit skjørt fordøyelsessystem (mikrobane i kaninas blindtarm er spesialiserer seg på den typen fôr dei er vand til, og nye mikrobar må produserast for å bryte ned nytt type fôr.). Bruk lang tid på tilvenning, særlig om våren når kaninane skal ut og ete friskt gras. Går ein for fort fram med fôrbytte (dette gjeld forøverlig alt av fôr) kan fleire forøyingsproblem oppstå. Om våren kan det vere lurt å la kanina ete det lille næringsfattige graset som er komme, og så vil den sjølv bli tilvent meir næringsfullt gras. Om ein vil gjere det lettare kan du rett og slett gi fôr i små mengder til å begynne med, også gi meir og meir for kvar dag som går.

Kraftfôr

Det er ofte sagt at kvalitet kostar penger. I kaninane sitt tilfelle er dette ikkje alltid like rett. Det vanligaste, og dyraste, fôret er det ein finn i alle dyrebutikkane og diverse matvarebutikkar. Desse såkalla "gnagarblandingane" er oppskrytt til tusen. Det folk flest ikkje veit når dei anskaffar seg kanin er at slikt fôr faktisk kan vere ekstremt øydeleggande og rett og slett dødelig for kaninar (i den forstand at den minkar ned livskvalitet og levealder). Gnagarblanding er laga til gnagarar, og ein kanin er ikkje ein gnagar med eit medlem av hareordninga lagomorphe. Alt av gnagarblandingar bør unngåast, då dette (sett på spissen) er som å fôre ein hest med grisefôr. Om du allereie fôrar med gnagarblanding vil eg anbefale og avvenne dette sakte og erstatte det med pellets laga av plantevekstar, ikkje kornvekstar.

Pellets er ein konsentrert form av gras, det er billagare, sunnare og inneheld alt av mineral og vitamin som kaninen treng. Pelletsen ser kanskje kjedelig ut, men er velsmakande og god for kroppen. Kjempekaniner og store kaniner (over 4 kg) treng meir kraftig pellets for at kroppen skal klare å bygge seg opp like fort som kaninen veks. Så desse kaninane treng meir protein enn i dei fleste kaninpellets. Mange oppdrettarar fôrar dermed med kupellets eller anna pellets for drøvtyggjarar. Sjølv har eg lite erfaring med dette. Men til alle dvergkanineigarar vil eg anbefale å styre bort frå gnagarblandingar (dvs blanding av forskjellige typar korn) og kraftfôr tilegna andre dyreslag enn kanin.

Felleskjøpet - det billegaste alternativet

Eg tørr påstå at ein stor del av Noregs oppdrettere fôrar med pelletsen frå Felleskjøpet. Fk pelletsen, eller Kalle Kanin, som den også heiter er eit heilt greit fôr. Det har litt for mykje protein og litt for lite fiber, men ellers ok. Det er dessverre ikkje det beste fôret, men mykje betre enn alle mulige gnagarblandingar! Det er også billegare og du får det i 5 - 40 kg sekkar. Hugs at verdiane i FK pelletsen synker etter ca. 6 mnd etter pakkedato. For å ivareta fôret på best mulig måte anbefalar vi å ha det i lufttette kassar ;) For å gjere kostholdet meir optimalt med fôring av FKpellets, gi fiberrikt grovfôr!

Dyrebutikkfôr som er greie er

Cuni Complete har svært gode verdiar. Dette fôret har næringsinnhold som ser slik ut:
15% råprotein, 3% råfett, 20% råfiber, 8% råaske, 0,9% kalsium og 0,6 % fosfor.

Oxbow er verdens beste kaninfôr. Det er fleire dyrbutikkar som sel dette fôret, men er her på Vestlandet vanskelig å få tak i. Dette er dyyyrt, men funkar fint å blande inn i FK-pellets! Finns på mange veterinærkontor rundt om i landet.

Selective er det fôret vi fôrar med pr dags dato, dette fôret inneheld 19% fiber, og vi er svært fornøgd med dette.

Dei ideele næringsverdiane

Råprotein : 12-14 %
Råfett : max 3 %
Råfiber : 18 % eller meir
Kalorier : 950
Kalsium : 0,6 %
Råaske : 5 %

På leiten etter godt kraftfôr er tommelfingerregelen at det skal vere meir fiber enn det er protein. Oxbow er det fôret som er best egna kanin, dette fordi det i tillegg til å ha godt næringsinnhald inneheld prebiotika. Likevel, ikkje vil eg anbefale å ikkje henge seg for mykje opp i desse verdiane. Ein er ikkje ein dårlig kanineigar om ein kun fôrar med FK-pellets! Sjølv har vi brukt FK i mange år, og dette fungerte bra. Men ver litt obs på desse verdiane også. Dei fleste dødsfall hos kanin er grunna feilfôring. Ikkje stol på tilsette i dyrebutikkar! Høyr heller med erfarne oppdrettarar når det gjeld fôring.

Kor mykje?

Anbefalt mengde med pellets til kanin er ca. 0,25 dl per kg kroppsvekt. Altså, ein veddar på 2 kg skal ha ca. 0,5 dl kraftfôr. Kaniner som veks kan gjerne få ca. 0,25dl ekstra til dei er fullt 6 mnd. Begynn dermed med å fôr etter kroppsvekt og ta deretter nødvendige individuelle tilpassingar per kanin. Nokre kaninar forbrenn nemlig maten veldig fort, mens andre legg på seg av veldig lite. Kaninar som trenar regelmessig treng meir protein enn kaninar som sitter i buret heile dagen. Det viktigaste er å stole på seg sjølv, kjenn på kanina og bruk auga. Ser kanina ut til å vere i god form (er aktiv, har god avføring) så fôrar du heilt rett! :)

Litt feit, ingen fare

Dei fleste vil ha kaninene sine litt tjukke. Sjølv meiner eg det er heilt feil, overvekt er eit menneskleg problem og dette er ikkje noko vi skal utsette kaninane våre for. Vi kan ikkje sjå inni kaninane våre! Overvekt kan minke levealderen til ein kanin drastisk, utan at vi ser det på utsida. Feitt legger seg på utsida av idre organ som nyrer, lunger, lever og hjerte. Vi vil unngå diabetes og hjerte- og karsjukdom på dyra våre? Kanina skal ha fôr tilpassa sitt behov, og verken meir eller mindre. Kanina er frå naturen sin side litt litt kantet, og vi må tåle å sjå at kaninene ser litt tynnare ut når dei er i god form:) Enkelte kaninar legg fort på seg, og er vanskelig å slanke. Slik er det jo, men det er aldri forseint å forandre på kosthaldet :) Feitt er ein ting, eg har også mange døme på kaninar som har tenner som har vekst rundt og inn i tannkjøttet til kanina pga mangel på fiberrik kost. Symptom på dette kan forvekslast med snue eller forkjølelse, kaniner som renn av auge og nase har ofte dårlig tannstilling! Dette er svært smertefullt. Har du ei kanin som har problem med rennande nase og auge og lita matlyst bør du ta den til ein smådyrsveterinær fort for å sjekke tennene.

Innlegg skrive på norsk kaninforum i ein diskusjon anngåande fôring

Eg fôrer ikkje med høy om sommaren, kaninene går ute stort sett heile sommaren og har fri tilgang til ferskt gress. I tillegg plukker eg timotei gress til kaninene som dei et på kveldstid, samt kvist og blåbærlyng, som er meir en grovt nok. (for tennene sin skyld) Det viktigaste er, faktisk (!), at kaninene har mat nok så dei kan ete store delar av dagen, og det er nødvendig for at maten skal gå gjennom fordøyelseskanalen utan å stoppe. Gir man gras, supplerer med f.eks kvister, blåbærlyng så skal det gå fint. Spør du meg er høy oppskrytt, da kaniner i det ville et ikkje høy heile dagen. At man er opptatt av å gi kaninene eit godt kosthold er vel og bra, men det er fleire faktorar som verkar inn: mosjon, riktig og stabil ernæring, mosjon, eit rolig og stressfritt miljø, god hygiene, nok søvn og nok ein gang mosjon. Det virker som om folk her trur at nøkkelen til ein lykkelig kanin (som eg håper er målet med kaninhold) er å gi dei det beste, dyraste fôret og that's it.

Når det gjelder fôring er det nokon ting ein skal tenke over:
1. Tennene vokser; og dei må ha grove, hard kost som tar lang tid å tygge. Døme: grovt høy, grovt gras, halm, kvister/blader/lyng.
2. Liten magesekk! Kaninene er skapt til å ete store delar av dagen, og det er relativt lav pH i magesekken. Fordi magesekken er skapt til å fordøye mat heile dagen, vil magesekken fortsette å produsere magesyre som vil bryte ned magesekk og spiserør om det ikkje er mat der. Ergo: mange små måltid heile dagen.
3. Mikrobiell fordøyelse i blindtarm; og det er her fordøyelsen blir effektiv. Mikrobene spesialiserer seg, og derfor bør ein ikkje begynne på nytt fôr utan ein grundig og forsiktig overgang.

Når det gjelder fiber er det viktig for:
1. Grovt, langt gress har mykje fiber fordi det trenger mykje cellulose for å holde det stivt. Dermed må dyret tygge mykje for å få maten ned i magesekken. Resultat: nedslipte tenner.
2. Fiber er tungt fordøyelig, og gir ein følelse av mettheit. Resultat: kaninen slutter å ete når magen kjennast full, som er ganske greit fordi magesekken er liten.
3. Fiber virker stabiliserende på tarmane. Resultat: god avføring.

Så lenge ein er oppmerksam på normal avføring og oppførsel så syns eg ein ikkje treng å bli hysterisk anngåande fôring.

Når det gjeld høy så er det ikkje alltid at bønder har det beste høyet. Dei fleste bønder lager rundball eller silo av det beste graset sitt, og slår dermed tidleg på året. Gresset har dermed mindre fiber. Dei som slår høy, slår som regel litt høy for sikkerhetsskyld om dyr skal bli sjuke av silofôret. Det beste høyet kjøper ein av høyleverandører eller i hestestallar, og det er billigast. Saken er det at dei fleste høyleverandører ikkje vil selge eit par bunter, helst i tonn. Vi har, heldigvis, fått tak i ein høyleverandør som har sinnssjukt grovt og fint timoteihøy som han kunne selge til oss. Vi må sjølvsagt hente det sjølv, men det går fint. Eg vil anbefale alle å kjøpe mykje høy slik at ein har høy lenge. Høy som er tørka på rett måte, kan halde seg i årevis utan å bli dårlig. (Men pass på støv) Jo meir høy du kjøper, jo fleire vil selge det til deg. Høy som du kjøper i plastposer på FK er DYRT og ikkje vert pengane. Som sagt før her.