Handtering

Fôring - Kjøp - Handtering - Avl og oppdrett - Buret


"Korleis handtere ein kanin?" er eit veldig omdiskutert spørsmål. Det er veldig mange forskjellige meiningar og erfaringar omkring dette temaet. Eg vil prøve å skrive dette ned best mulig, utan å blande inn så mykje av eigne meiningar om temaet. La oss først begynne med fakta.

Det naturlige liv

Kaninen er kolonidyr, altså: ikkje flokkdyr. Dei har eit rangsystem som er veldig forskjellig frå til dømes hundar og hestar som lev saman i flokk. Dei er heller ikkje einstøingar som kattar. Fordi kaninen er kolonidyr er det ofte vanskelig å tilfredsstille kaninens behov for kontakt med andre dyr.

Med kaniner som går saman ser vi ofte at kaninene ligg saman og steller pelsen til kvarandre. I andre tilfeller ser vi kaniner som slåss og kjemper om mat, territorium og status.

Partner til din kanin

Hos erfarne kaninfolk som ikkje avlar eller utstiller kaninene er det vanlig å finne partner til kaninen. Partneren er ofte av motsatt kjønn og dermed, sjølvsagt, kastrert. Her er introdusering av den nye kanina veldig viktig. Ein skal aldri sette to ukjente kaniner i samme bur! Aldri!

Introdusering

Skal skje på eit nøytralt område der ingen av kaninene føler trang til å beskytte. Introduseringa skal skje forsiktig og helst over fleire dagar. Kaninene skal først lukte på kvarandre ei god stund før dei blir satt saman. Ein må rekne med minst ei veke før kaninene blir skikkelig gode venner. Dei må finne sin plass i systemet.

Fleire kaniner saman

For å fleire kaniner saman trenger kjempestor plass! Nok ein gong er introduksjonen viktig. Dei bør ha ei innhegning på minst 1 kvadratmeter per kanin.

Kaniner som bur åleine

Kaninen kan ha det fint i eige bur, men bør da helst ha andre kaniner i nærleiken slik at dei kan lukte og sjå dei. Det er omdiskutert om det er nok å berre lukte ein anna kanin, men dette er nok tilfellet i dei fleste kaningårdar, blant anna hos oss. Når ein driv med utstilling der kaninens ytre utsjåand er veldig viktig er det få som tørr utsette kaniner for varige skader som f.eks bittskade i øyre, nase og anna. Det kan fort oppstå ein konflikt når ein har fleire kaniner saman!

Uansett, så treng kaninene som har eige bur meir oppmerksomheit frå eigaren sin. Det er ikkje alltid folk tenker over. Dei trenger noko som kan distrahere dei. Fleire ting i buret som dei kan leike med og rasere. Hannkaniner trenger ofte berre ei stor grein, denne vil bli markert om og om igjen. Stimuli er viktig, gravekasser, pelletsballer, bamser, sittehyller og andre leikar kan vere med på å betre kaninens livssituasjon.



Ukastrerte kaniner saman

ALDRI HA UKASTRERTE HANNAR SAMAN!!!

Dette er å leike med kanina si helse. Hannkaniner er ekstremt territorielle og kan i verste fall drepe kvarandre. Hannar kan vere venner ein dag og fiender den neste. Uansett kor glade dei virkar i kvarandre BØR dei skiljast med ein gang!

Sosialisering?

Av eigen erfaring trur eg at kaniner som ikkje er sosialisert ikkje vil funke i gruppe eller med partner. Vi har kaniner heime, hannar som hoer som ikkje taklar andre kaniner, uansett! Vi har også kaniner som ikkje har noko imot andre sitt selskap, og desse kaninene har ofte hatt partner tidligare i livet.

Det kjem an på individet! Og det handlar om sosialisering. Har kanina di budd lenge åleine så er det iallefall ikkje berre berre å få den saman med ei anna kanin. Kaniner tilpasser seg miljø, og er gode til det. Nokre kaniner har ikkje lært å omgås andre dyr, men det betyr ikkje at dei kan lære det. (Men no snakkar eg fortsatt om ukastrerte kaniner)

Vi har ikkje kaniner saman

Når vi tidlegare hadde mange kaninar, hadde vi likevel ikkje dei saman. Eg prøvde ei stund med ei gruppe med usteriliserte hokaninar, men måtte gi opp. Dei to hokaninane eg har no ville aldri fungert, dei er altfor forskjellige. Wanda, er for territoriell og aggressiv mot andre artsindivid og Polara underkaster seg for fort.

Likevel, så trur eg dei har det bra, desse dyra mine. Tross alt, så får dei dekt dei fleste behova sine. Dei får skikkelig mat til (som regel) faste tider, dei har store bur og får gå mykje ute i enda større innhegninger, dei ser og lukter andre kaniner, dei blir mosjonert regelmessig både hopping og turer, dei er sosiale og lærevillige, viser tillit og liker å omgis mennesker. Dei er i godt hold og ser bra ut. Det er meir enn fleire av husdyra våre får i dag. Og det er faktisk berre dyr, dyr som ikkje veit betre. Det tørr eg påstå. Det er ikkje mulig for eit menneske å gi ein kanin det ideele kaninliv, for det er eit liv utan mennesker.

Respekter kaninen

Kaninen er eit sosialt dyr og treng daglig kos og stell. Ver mykje med kaninen og bruk den til masse! Men husk, kaniner kan også ha "dårlige" dager, vere gretne og sure eller trenge litt fred av og til. Respekter kaninen i buret sitt. Tenk om nokon skulle vandra rett inn på rommet ditt, tatt tak i deg og bært deg ut og sagt "no skal du på fjelltur".

Alle kaniner er forskjellige! Kaniner har kjempegodt av å vere ute i store utebur der dei får grave, ete gras og gjere kva dei vil.