Kjøp av kanin

Fôring - Kjøp - Handtering - Avl og oppdrett - Buret


Dyr er ansvar!

Det å ha dyr inneber eit stort ansvar og mykje interesse. Før ein anskaffar seg dyr er det viktig å tenke over alt det som må gjerast når ein eig eit eige dyr. Uansett kva dyreslag det er du eig, så er ansvaret like stort. Ein kanin lev i mange år, kanskje oppimot 7-8 år. Ein må faktisk tenke over om ein har interessen neste år, og dei kommande åra. Fordi ei kanin er så lita er det lett å tenke at det er lettare å ta vare på. Men ein må faktisk hugse det at kaninen i vill tilstand har mange artsfrender å vere med. Dei er faktisk veldig sosiale! I Noreg er det uvanlig blant oppdrettarar å setje to kaninar saman i samme bur med mindre dei er kastrert. Dette er fordi kaninar i veldig mange tilfeller ikkje takler å dele så liten plass med eit anna individ av sin art. Dessverre så går dette ofte gale. Difor så treng kaniner som bur åleine mykje stell og håndtering!

Før kjøpet

Det er fleire ting som ein må lage til før ein kjøper kanin. Bur, fôr og anna utstyr. Om du ikkje kan det sjølv bør du ha kontakt med nokre i nærområdet som kan om klipping av klør og som kan ta ein helsesjekk på kanina i ny og ne. Buret må vere større enn minstekravet til rasen, etter nkf er måla slik:
Dverg- og små rasar: 0,5m2
Mellomstore rasar: 0,7m2
Store rasar: 0,7-0,9m2
Kjemperasar: 1,0m2

Ingen bur er for stort! Jo større bur jo betre :) Om buret er lite er det alltids kjekt å ta kanina ut på tur eller hoppe med den.

Kva kanin passar for meg?

Det er fleire "bruksområder" for kanin. Du kar kaninhopping, du har utstilling og du har petclass. Vi ser også ein voksande interesse for "kaninagility" hos fleire av dei yngre medlammane i NKHF. Alt er mulig! Om ein har lyst til å begynne med utstilling er eksteriør veldig viktig. Då må ein alltid kjøpe hos oppdrettere, og hugs: Jo betre foreldra er, jo betre vert ungane! Skal du begynne med utstilling vil eg anbefale å kjøpe kaniner som har foreldre med minst 94 poeng i utstilling, med mindre ein er ute etter ein meir sjeldan variant.

Kaninhopping er megapopulært! Særlig i på sør og austlandet. Også her er står slekt sentralt, og avkom etter gode foreldre gjer det oftast best på hoppebana. Med unntak, sjølvsagt. Det er mange rasar/blandingar som passar til hopping. Dvergvedderen er den rasen som er like god som utstilling som den er til hopping, om du finner rett oppdretter sjølvsagt.

Petclass er endå nytt, og har kun vert ute i litt over 1,5 år. Her kan allt kaninar delta, samme kva slekt og rase dei er. Det er då, dessverre, vanskelig å finne klubbar som arrangerar Petclass. Dessverre..

Korleis få tak i?

Oppdrettar! Oppdretttar! Oppdrettar! Eg kan ikkje få sagt det ordet mange nok gongar. For all del, hald deg unna dyrebutikkar. Ikkje kjøp kanin utan stamtavle, det er alltid kjekt å sjå kva slekt den har. Det er også slik at "kven som helst" kan kalle seg sjølv oppdrettar. Ver kritisk til kven du kjøper kanin av. Ein skikkelig oppdrettar er medlem av NKF og stillar gjevnleg ut avlsdyr. Oppdrettarar har også mål med kulla sine, slik at kulla har ei meining. Om det er reinrasa eller ikkje er uvesentleg, men det er alltids kjekt å reise på utstilling. Som sagt før, kjøp kanin med god slekt! Det lønnar seg alltid, sjølv om slike kaninar ofte er ein del dyrare enn andre.

Om du ikkje finn oppdrettarar i nærleiken vil eg anbefale deg å ta kontakt med leiaren i ditt lokale avlslag. Ho/han har ofte kontaktar som kan hjelpe deg. Ellers vil eg informere om at det finns eit oppdrettar-register der mange oppdrettarar har skrive seg inn.



Lykke til! :)